FESTTONAR v/ Bergen Filharmoniske Orkester

Arrangementsinformasjon
Default file 1490529868

Dirigent: Edward Gardner

Geirr Tveitt:           Utsyn for kammerorkester
Benjamin Britten: Four Sea Interludes, frå Peter Grimes
                               Passacaglia, frå Peter Grimes
Bela Bartók:          Dansesuite
Edward Elgar:       Symfoni nr. 1

Bergen Filharmoniske Orkester innleiar opningskonserten med eit kort og lite framført verk av Geirr Tveitt, Utsyn. Stykket vart spela av Kringkastingsorkesteret i 1961 og så framført igjen på Hardingtonar i 2009 av Harmonien. Stykket heitte opphavleg Stev, og kan ha vore komponert som ein sats i Hardingtonane.
Benjamin Britten sine vakre sjø-mellomspel og passacagliaen er henta frå operaen om fiskaren Peter Grimes. Den ofte framførte suiten til Bartók har eit folkemusikalsk preg med påverknad frå både ungarsk, romensk, slovakisk og arabisk folkemusikk.
Etter pausen får publikum høyre Edward Elgar sin fyrste symfoni frå 1908. Symfonien vart motteken med stor begeistring under urframføringa i Manchester og vart faktisk spelt heile hundre gonger i løpet av det fyrste året.

hardingtonar
bfo
opningskonsert
hardanger
norheimsund
norheimsundidrettshall
bergenfilharmoniskeorkester
klassiskmusikk
edwardgardner
geirrtveitt

Restriksjoner

Gratis billett opp til og med 16 år. (Må lasta ned billett med QR-kode). Rabatt for ungdom opp til og med 25 år.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert